1. Hjem
  2. Utdeling av Motivasjonsmidlar, 2020/21
Utdeling av Motivasjonsmidlar, 2020/21 - headerbilde Foto: Sustainable Vagabonds

Motivasjonsmidlar for tiltak mot marin forsøpling, 2020/21

Viste du at vi i Fjordane Friluftsråd forvaltar ei pot med motivasjonsmidlar frå Miljødirektoratet for våre medlemskommunar? Dette er ei støtteordning for å motivere til aktivitet og arbeid mot marin forsøpling, kor alle lag, organisasjonar, skuleklassar eller foreiningar langs kysten og i fjordstrøk av tidlegare Sogn og Fjordane kan søke oss om midlar. Vi har enno ein del igjen av desse midlane i inneverande prosjektperiode, som vi no ynskjer å dele ut fram mot 01.03.21. Vi tek imot søknadar om desse motivasjonsmidlane fortløpande (heile året) og vil no gjerne ha inn mange nye søknadar for tiltak både i vinter og for neste vår/sommar!

 

Kva er motivasjonsmidlar?

Motivasjonsmidlar er ei støtteordning frå Miljødirektoratet, som skal gå til tiltak mot marin forsøpling. Dette kan typisk vere ei einskild strandryddeaksjon kor di skuleklasse eller ditt idrettslag ryddar ei strand i nærområdet, eller det kan vere ei større ryddeaksjon over fleire dagar/veker kor heile bygda eller heile skulen er med! Motivasjonsmidlane kan også nyttast til forebyggande tiltak mot marin forsøpling. Det vil seie alle initiativ og arbeid som har som formål å hindre ny plastforureining å ende i sjøen. Dette kan til dømes vere ei kampanje for å slutte med eingongsplast på skulen eller arbeidsplassen, ei haldningskampanje i bygda med fokus på sortering av avfall, eller eit film- eller musikkprosjekt om konsekvensane av plast i havet i di lokale ungdomsgruppe. Her er det veldig lov å sleppe kreativiteten laus! 

 

Kva kan midlane nyttas til og ikkje?

Motivasjonsmidlane er i hovudsak tiltenkt å nyttast til faktiske utgifter og kostnader knytt til tiltak mot marin forsøpling, inklusive forebyggande tiltak. Det kan til dømes vere snakk om utgifter til bruk av bil/båt, mat/forfriskingar til dei frivillige eller transport til stranda, i samanheng med ei ryddeaksjon. Det kan òg vere kostnadar knytt til forebyggande tiltak, som t.d. trykking av kampanje- eller undervisningsmateriell, film-/innhaldsproduksjon til ei kampanje eller utgifter til premier for ei konkurranse knytt til tiltaket!

Det er òg mogleg å nytte ei del av løyva midlar til andreWebp.net-resizeimage (7) (1).jpg allmennyttige formål i det laget/organisasjonen/klassen som til dømes har hatt ei strandryddeaksjon. Dette kan t.d. vere del av ei innsamling for midlar til ein klassetur, eller ei ekstra merksemd til dei deltakande på neste samling i grendelaget!

Motivasjonsmidlane kan ikkje nyttas til lønn eller administrative utgifter hos dei som søker midlar og heller ikkje til tiltak utanfor våre områder (tidlegare Sogn og Fjordane). Det er heller ikkje mogleg for enkeltpersonar/familiar eller offentlege organ (som kommunar) å søkje på motivasjonsmidlane.

Fra alle søkarar treng vi uansett ei plan og oversikt over kva ein ser for seg at midlane skal gå til i søknaden, og vi hjelper gjerne di organisasjon med søkinga!

Midlane kan t.d nyttas til bruk av traktor under ryddeaksjon, som her på Silda!

 

Korleis søkje?

Det er eit par krav som er satt frå Miljødirektoratet for desse midlane. Blant annet må søker vere ei av følgjande: 

  • Registrert i einingsregisteret; frivillige og ideelle organisasjonar
  • Private verksemder (som ikkje er enkeltpersonføretak)
  • Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan.

Det kan til dømes vere; foreiningar, organisasjonar, skuler, korps, idrettslag, avfallsselskap osb. Søkarar frå våre medlemskommunar vil prioriterast, men det går fint an å søkje om motivasjonsmidlar frå oss for alle lag/organisasjonar langs heile kysten av og i fjordstrøk av tidlegare Sogn og Fjordane.

 

Det skal ikkje vere vanskeleg eller tidkrevjande å søke og ei søknad skal berre vere ei e-post, evt. ei e-post med vedlagt søknadsbrev til oss. Her beskriv du:

For ryddeaksjonar og direkte tiltak for å fjerne marin forsøpling:

  1. Kort beskriving av kven som søker.
  2. Kor har dykk tenkt å rydde?
  3. Kor mange antar dykk vil delta?
  4. Når skal ryddeaksjonen skje?
  5. Kva utgifter vil dykk dekke med motivasjonsmidlane?
  6. Kor mykje søker dykk om?

For forebyggande tiltak:

  1. Kort beskriving av kven som søker.
  2. Kven rettar tiltaket/prosjektet seg mot?
  3. Kva er din ide?
  4. Kva håper dykk å oppnå med tiltaket?
  5. Kva utgifter vil dykk dekke med motivasjonsmidlane?
  6. Kor mykje søker dykk om?

Vi tek gjerne imot endå fleire spørsmål i tillegg til dette, t.d. spørsmål angåande organisering av aksjon og rydding eller forebyggande tiltak, alternativ for handtering av avfallet, moglegheiter for ulike kampanjar dykk kan ha lokalt osb., dette hjelper vi òg gjerne til med i tillegg til utdelinga av motivasjonsmidlane. Likevel er dei viktigaste punkta vi ynskjer svar på for å dele ut motivasjonsmidlar dei du finn over her!

 

IMG_20200923_141602_2 (2).jpg Sjøspretten3.jpgSøk midlar til å leige inn Galeasen Loyal for ei ryddeaksjon     Eller gjer som Sjøspretten og søk midlar til ei kajakk- og strandryddetur

 

Søk i veg!

Vi ynskjer no søknader både for tiltak planlagt og gjennomført i vinter, men òg særleg for tiltak dykk ynskjer å gjennomføre til våren og fram mot neste sommar! Det går altså fint an å søkje no for ei ryddeaksjon eller eit forebyggande tiltak ein ynskjer å gjennomføre i April! Vi har enno midlar igjen i inneverande prosjektperiode, som vi tek imot søknadar om og delar ut fortløpande fram til 01.03.21. Dermed må dykk vere raske og søkje så snart dykk har ei god idé eller finn ei vik dykk ynskjer å rydde enten no eller til våren, så behandlar vi alle førespurnadar og spørsmål så raskt vi kan!

 

 

For spørsmål eller innsending av søknad, ta kontakt med oss!

E-post:          johannes@friluftsrad.no 

Tlf:                +47 48 22 22 38

Adresse:      Fjordane Friluftsråd

                     Kommunehuset, pb.73

                     6924 Hardbakke