Forsøpling i hav, fjøre, vassdrag m.m. er dessverre ikkje eit sjeldant syn. Denne forsøplinga truar både dyr og menneske, og er samtidig negativt for friluftsliv og turisme. Vi er sårt avhengig av frivillig arbeidskraft i kampen mot marin forsøpling, og oppmuntrar difor alle til å vere med på, eller arrangere ryddeaksjonar i vassdrag, by bygd og på strand.  

Frivillige ryddeaksjoner er eit effektivt tiltak for å fjerne avfall frå naturen, både før og etter det har hamna på stranda. Jo oftare det rydblir rydda, jo meir avfall klarer vi å fange opp frå naturen. Friluftsråda arbeider tett saman med «Hold Norge Rent» med eit systematisk arbeid for å legge til rette for meir rydding i Norge. Langs kyst og i fjordstrøk av tidlegare Sogn og Fjordane er det Fjordane Friluftsråd som koordinerer all aktivitet knytt til marin forsøpling. Frå oss kan du få tips, hjelp til organisering og søke om midlar til gjennomføring av tiltak mot forsøpling.

Du finn meir informasjon og fakta om marin forsøpling på: