1. Hjem
  2. Om oss
  3. Nyhendearkiv

Untitled-1 (1).png

 

PRESSEMELDING

Fjordane Friluftsråd skal koordinere og utføre kyst og fjord-rydding i Sogn og Fjordane med midlar frå Miljødirektoratet.

Fjordane Friluftsråd har i dag motteke positivt tilsegn på 2,7 millionar frå Miljødirektoratet knytta til «Kyst og Fjordrydding» i Sogn og Fjordane for perioden 2019-2020. Dette er vi sjølvsagt svært takksam for, og skal gjere mest mogleg i dette viktige arbeidet for midlane vi har fått.

FF vil i samarbeid med Kystlotteriet og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane organisere, informere og motivere til rydding av marint avfall i Sogn og Fjordane samt igangsetje diverse forebyggjande tiltak for å informere og bevisstgjere befolkninga.

Primært vil vi starte opp med rydding i medlemskommunane våre Solund, Askvoll, Flora, Bremanger og Vågsøy. Sekundært starte arbeidet med å få kartlagt og få rydda avfall i kommunane som ligg i ytre fjordstrøk av fylket vårt.

Vi ser fram til eit nært samarbeid med kommunane, fylkeskommune og fylkesmannen, Vestlandsrådet, Hold Norge Rent, Kystverket, SNO,  Skjærgårdstjenesten hos BOF, lag og organisasjonar og profesjonelle bedrifter for å nå målet om å rydde 100 tonn med marint avfall i denne perioden.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

INFOSKRIV OM STRANDRYDDING SOGN OG FJORDANE

 

Fjordane Friluftsråd har påteke seg ansvaret for koordineringa av strandryddinga på kyst og ytre fjordstrøk av Sogn og Fjordane. Dette gjeld særskilt i våre medlemskommunar Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll og Solund. Vi har eit samarbeid med Naturvernforbundet og Kystlotteriet om bruk av deiras logistikksystem for utpassering av sekkemateriell  rundt i kommunane.

Vi har fått ei positiv tildeling til dette arbeidet av Miljødirektoratet og har i budsjett satt av motivasjonsmidlar til lag/organisasjonar som har delteke og gjennomført strandrydde-aksjonar kan søkje på.

Vi har litt att før organisasjonen er på plass med eigen prosjektkoordinator og ryddekontaktar i kommunane no på sommaren, . Men, mange vil begynne ryddinga no, og difor sender vi dette ut som ei førebels orientering.

 

1.    Kartlegging og registrering av opne aksjonar i Hold Norge Rent sin ryddeportal

Vi har eit kartleggingsarbeid pågåande der områder som har behov for rydding blir registrert og lagt som ein open aksjon for påmelding av eit ryddelag. Gå inn på Hold Norge Rent sin ryddeportal her; https://holdnorgerent.no/ryddeportalen/ deretter klikkar du på fana som heiter «her kan du rydde». Der ligg dei opne aksjonane. Om stranda du skal rydde ikkje ligg registrert, kan dere registrere den ved å bruke fana «registrere forsøplet område» og så starte aksjon. Viktig her er at dere då knyter på Fjordkysten Friluftsråd til aksjonen og at dere zoomar dere inn i kartet før dere set markøren på. Då blir det meir nøyaktig. Står det ikkje stadnamn i ryddeportalen sitt kart på den spesifikke vika du skal rydde kan du opne eit anna kart f.eks www.kartverket.no

 

2.    Kva utstyr treng eg og kor finn eg det ?

Vi har kontakt med kommunane som har lagra eindel ryddemateriell, hanskar, sekker. Ved å kontakte ekspedisjonen i din kommune skal du som lag få ut naudsynt materiell. Ellers les vedlagte HMS veileder som beskriv litt kva du ellers treng.

 

 

3.    Kven kan og korleis skal eg/vi rydde ?

 

Du kan sjølvsagt rydde åleine, men vi rår til at du knyter deg til eit lag for betre tryggleik og for høve til å søkje midlar i etterkant. Organiser laget med ein ryddeleiar. Alle i laget må bli gjort kjent med HMS veileder. Leiaren fordeler laget og bestemmer seg for ein depotplass – ein eigna plass for oppbevaring av sekkane.

 

Det skal kun brukast gjennomsiktige sekker som du kan hente i ekspedisjonane i kommunane og avfallsmottaka og på eindel butikkar rundt i bygdene, typisk Kystlotteriet sin sekk . Skarpe gjenstandar må ikkje leggast i sekken utan først å bli emballert. Ellers vil sekken bli spjera og dei som handterer sekkene seinare kan skade seg. Ryddehanskar blir også kjøpt inn til utdeling ryddelag. I registreringsskjemaet som skal fyllast ut etter aksjonen (HNR sin ryddeportal) skal dere beskrive kva dere har funne av avfall mengde og type. Då kan det vere lurt å ha gjort seg ein viss oversikt undervegs, eventuelt sortere litt sekkar ( ein sekk med plastflasker etc.)

 

 

 

NB; Les HMS veileder ang. både metodikk og varsemd  !!

 

D

4.    Kva gjer eg med avfallet ?

Dersom ein ryddar på ein stad i nærleik av ein avfallstasjon kan dette leverast dit, men dei bør varslast på førehand om kva avfall og mengde og når dere skal levere. Bruker du eigen bil og tilhenger kan dere få dekka køyrte kilometer. Dersom avfallet leggast att på staden må dere gje kommunen og Fjordkysten Friluftsråd beskjed om kvar dette ligg og mengde slik at vi kan organisere henting. Send gjerne bilder både av staden og gjerne av ryddeaksjonen og sei frå om det er ok at det blir brukt på sosiale medier. Det beste er om sekkane kan leggast opp i ein storsekk for betre beskyttelse mot vær vind og fugl inntil det blir henta. Det må då plasserast slik at flo og storsjø ikkje tek det og slik at det ikkje bles utover. Bruk evt. steinar oppå. 

 

5.   Strandryddedagen laurdag 04.mai

Vi oppmodar om å rydde på strandryddedagen laurdag den 04.mai, og ynskjer å få melding frå lag som planlegge dette slik at vi kan melde det inn til Hold Norge Rent. Dette er ein nasjonal miljødugnad i regi av Hold Norge Rent der fleire tusen frivilige rydder strender, øyar og holmar langs kysten. Dagen vart etablert i 2011 og er Noregs største kollektive ryddedugnad.

 

 DEI SOM YNSKJER Å RYDDE TA KONTAKT FOR Å FÅ TILSENDT HMS VEILEDER !

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hei

Strandryddedagen laurdag 04.mai

Vi oppmodar om å rydde på strandryddedagen laurdag den 04.mai, og ynskjer å få melding frå lag som planlegge dette slik at vi kan melde det inn til Hold Norge Rent. Dette er ein nasjonal miljødugnad i regi av Hold Norge Rent der fleire tusen frivilige rydder strender, øyar og holmar langs kysten. Dagen vart etablert i 2011 og er Noregs største kollektive ryddedugnad

Vi trenger hjelp til å få meldt inn og registrere områder som treng å ryddast, slik at alle brukarar av www.ryddeportalen.no kan sjå kvar det er behov for å ryddast. Sendt e-post til bjarte@friluftsrad.no, eller gå inn og registrer sjølv.

Forureina område reistrerast her i  https://holdnorgerent.no/ryddeportalen  

 

 Lukke til alle!

 

Vi treng ein prosjektkoordinator for strandrydding.

Søk på stillinga her; 

https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=144097248

 

Vi treng også ryddekontakter og instruktørar til friluftsskulane;

 

SOMMARJOBB FRILUFTSSKULE OG RYDDEKONTAKT 2019

Fjordane Friluftsråd er eit interkommunalt Friluftsråd med Solund, Askvoll, Flora, Bremanger og Vågsøy som medlemskommunar. Vi arrangerer friluftsskular for born 9-13 år i Solund, Flora og Bremanger og vil kunne trenge nokre instruktørar der til skulane som går over 3 dagar. Vi kan og ha behov for nokon som kan vere ryddekontakt i kommunane opp mot arbeid med marin forsøpling. Løn etter avtale. Kort og begrunna søknad med CV sendast til bjarte@friluftsrad.no innan 23. april. Aktuelle kandidater vert kontaktet med tanke på intervju, og tek då med naudsynt dokumentasjon. Om du ikkje oppfyller alle krava, men har stor interesse, ta kontakt med oss.

 

Krav (kvalifikasjoner Friluftsskule el.ryddekontakt)

 

·        Være glad i natur og friluftsliv

 

·        Like å arbeide med barn og unge

 

·        Ha førerkort klasse B

 

·        Ha båtførerebevis og erfaring med føring av båt

 

·        Kunne framlegge gyldig politiattest

 

 

 

Ønsket kompetanse

 

·        Friluftslivs- eller lærerstudenter ved høgskoler eller universiteter

 

·        Førerkort klasse B og helst BE og disponerer egen bil

 

·        Instruktørkurs i padling og klatring

 

·        Førstehjelps-/livredningskurs

 

·        Lokal kjennskap til fleire av kommunane er ein fordel

 

 

 

Personlige egenskaper

 

·        Ansvarsbevisst

 

·        Sjølvstendig

 

·        Roleg

 

·        Lyttande

 

·        Handlekraftig