Skjergardstenesten

Med M/S ARLENE skal Fjordane Friluftsråd i hovudsak drive med renovasjon, vedlikehald og skjøtsel av offentlege friluftsområde langs kysten. I tillegg vil vi også ta på oss transportoppdrag for både offentlege og private.

Skjergardstenesten er eit spleiselag mellom staten ved Miljødirektoratet, Vestland fylkeskommune og medlemskommunane.

PRIMÆROPPGÅVER

  • Renovasjon, vedlikehald og skjøtsel av offentleg eigde friluftsområde langs kysten.
  • Drive informasjons- og haldningsskapande arbeid om bruk av skjergarden.
  • Utøve oppsynsoppgåver i naturvernområde, fiskerioppsyn m.m. etter retningslinjer frå Statens Naturoppsyn.
  • Hente inn oppsamla marint søppel og eigarlause båtvrak.

FOR KOMMUNANE

  • Rådgjevar i arbeidet med tilrettelegging og utvikling av friluftsliv og båtliv i skjergarden.
  • Utarbeider skjøtselplanar for statlege sikra friluftsområde i kommunane.

INNSATS FOR REISELIVET

Med båten M/S Arlene vil vi gjere ein innsats for reiselivet – med tilsyn og vedlikehald av friluftsområde på stader med vanskeleg tilkomst.

SAMARBEID I VESTKYSTPARKEN

Vestkystparken er ein fellesorganisasjon for Skjergardstenestene i Rogaland og Vestland, frå Åna-Sira til Stad. Det handlar om drift og tilrettelegging av friluftsområde ved sjøen. Gjennom eit samarbeid mellom SNO, fylkeskommunane og friluftsråda driftar ein ei lang rekke friluftsområde.

Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no